Det har hendt! Det er skjedd!
Det er verkeleg sant!
Det hendte i natt! Ja, då hende det at…
( Utrulege stunder, det var som eit under!)
…jaha, då vart det født,
Eit jentebarn, eit lite knøtt!
Med eit hjarta som kan slå
-Hipp hurra, hei og hå!-
Som skal vekse seg stor
Og bli dame nett som mor!
Ein ny person – av millionar, billionar
personar.
Her er dei som jenta kom til:
Ein far og ei mor og Gaute storebror
At nokon kan få eit menneske i gåve
Er knapt til å forstå..
Då kunne ingen av dei sjå
den sorga dei skulle få.
For Gulli er ikkje som vi.
Berre seg sjølv er ho lik.
Ho skal ikkje bli…som vi.
Nei, ho skal aldri bli som vi!
No skal vi aldri meir le.
Og aldri skal vi forstå
At ein blir slik og ein anna så
-og somt kan ikkje endrast på…
Nei, vi forstår ikkje det.
Og no skal vi aldri meir le.
Det var fleire som gret.
Så trist det let…
når alle, liten og stor,
sto der å snufsa i kor.
Mormor, farfar, grannar, venner.
alle dei vi kjenner
sto så stille, let tårene trille
og sa: “Å, nei så ille at vesla der
- Så god ho er -
At ho ikkje skal bli like flink som
vi….
Slik sukker dei og klagar, store og små,
over det livet Gulli skal få.
Vi sørgde alle saman, vi visste inga råd-
til Gaute brått ein dag såg opp
og skreik og ropte: ” SJÅ!”
GULLI SJØLV, HO ER GLAD!!!
Alltid og alle stad ser ho ut
som ho sjølv har det bra!?
Då såg vi det alle. Det var som han sa:
Gulli har det fint der ho set på bakken
og leikar med strå og med blad.
No ser vi det alle: Gulli sjølv har det bra.
Ho er glad! Ho er glad!
Nesten alltid og alle stad!
Men då .. er da alt … vel og bra?
Bli som vi – var det det vi sa?
Ho er bra som ho er, ho er bra!
Ikkje skal vi gråte.
Heile jenta er ei gåte.
Eit særskilt slag. Ein ny modell,
hemmelig, heilt spesiell!
( Gunilla Bergstrøm)

Alle er forskjellige
Noen er bare litt forskjellig fra det som
allerede er forskjellig.
Hei! Hyggelig at du er innom!
Vi syns det er utrolig koselig hvis du legger igjen noen spor etter deg før du går igjen... ;-) Denne bloggen ble opprettet for å gjøre folk kjent med hvordan det kan være å få et barn med Down syndrom og de gleder og utfordringer som det kan innebære. Har du spørsmål, så må du gjerne bruke kontaktformen i linjen øverst. Har du nettopp fått vite at du venter et barn med Downs, så er du sikkert ute etter så mye informasjon som mulig. Det var også vi da vi fikk diagnosen 18 uker på vei. Husk- det er ikke verdens undergang, men en ny begynnelse! Du har mye å glede deg til - Lykke til!
More Posts - Website
Follow Me:


